Av Knut Vadla, fiskarbonde, blåskjeldyrkar, lærar
I så måte er den politiske prosessen om Kvotemeldinga i fiskeria i ferd med å bli ein katastrofe.
Og då snakkar me om prosessen i Storting og Regjering.
Over lang tid har det pågått massiv kritikk av norsk fiskeriforvaltning, som har ført til at riksrevisjonen har sett i gong gransking av fiskeriforvaltninga.
Dette arbeidet pågår, men dei treng ennå eit par månader før dei kan leggja fram resultatet.
Nå har det seg slik at Regjeringa har lagt fram ei svært djuptgripande kvotemelding som vil endra strukturen i fiskeria radikalt. Denne kvotemeldinga aktar nå regjeringspartia å pressa gjennom utan å avventa resultatet av riksrevisjonens gransking.
Det har kome skarpe reaksjonar på Regjeringa sitt hastverk med å få dette gjennom før ein får sett resultatet av riksrevisjonens rapport.
Til dømes blei trålfiske, som hadde vore forbudt frå 1936 fordi det var ansett som eit rovfiske, innført igjen i 1951, som eit supplement til anna fiske, for å sikra råstoff til heilårsdrift i fiskeindustrien på land. Staten betalte så nærast både båt og bruk for dei som då ville starta med trål. Det blir m. a. peika på at Fiskeridepartementet og Direktoratet har styrt fiskerinæringa i strid med lovene og utan at Stortinget har gripe inn.
På den tida var fiske fritt. Men då torsken blei overfiska, blei det innført kvotar.
Kvotane vart utlånt gratis frå Direktoratet.
Nå, som det blei ein realitet at fiskeressursane var avgrensa, blei det rift om kvotane. Ein trålreiar som etter ei tid ville slutta, drista seg til å selja båten sin med kvoten han hadde til låns, for x antall millionar. Så, utan at båten var løyst or fortøyninga til seljar, kjøpte han båten tilbake, for x antal færre millionar enn han hadde selt han for, men nå utan fiskekvote. Kjøparen hadde båt sjølv. Han hadde «berre» bruk for kvoten.
Det er vedteke og proklamert at FISKEN er folkets eigedom. Denne trålreiaren selde altså, – og berika seg på folkets eigedom. Og den kjedereaksjonen han med dette sette i gang var fatal.
Alle veit sjølvsagt at dei ikkje har rett til å selja det dei har lånt.
Men staten greip ikkje inn.
Etter dette ser det ut for at trålreiarane langt på veg har hatt frie tøylar med kjøp og sal av kvotar, stadig meir fisk på færre og færre hender på fleire større og større båtar.
Det ligg nå an til at havflåten/trålflåten, som berre var tenkt som eit supplement til kystfiskeflåten, skal få behalda ein «hellig» rett til opp mot 50 posent av den norske fisken. Dette er uansett ei meiningslaus fordeling mellom hav og kyst.
Trålfiske er ein svært dyr og lite miljøvennlig måte å fanga fisk på. Trålaren brukar til dømes generelt 4 til 5 gonger så mykje diesel pr kg fanga fisk som det sjarken gjer.
Havressursloven gir heimel for å styra kapasiteten i fiskeflåten.
Men denne styringa har nok hovudsakleg vore overlatt til trålflåten sjølv.
Det mest meiningslause som har skjedd er kjøp og sal av fiskekvotar, altså kjøp og sal av det norske folks eigedom. Dette fordyrar fisken kollosalt for oss alle.
Dette har smitta over i sjarkflåten; og i dag kan ingen ubemidla ungdom koma inn som sjølvstendig fiskar utan å investera millionar i kvote.
Staten må ta tilbake styringa med fiskeressursane og låna ut kvotane gratis (som eit drosjeløyve). Betre kan det ikkje gjerast for eigarane, det norske folk. Dette vil kosta, men lite mot å la det skura til evig tid. Me har oljefondet, det kan neppe betre brukast.
Kvotesalet har allereie fått dramatiske fylgjer for kystens folk. Mange kystsamfunn er langt på veg avfolka. Då eg for ein del år sidan budde i Loppa kommune var folketalet ca. 2700.
Hausten 2016 hadde Morten Strøksnes ein reportasje frå Loppa. Då var det berre 900 att, nå er det ytterlegare redusert. Dette er eit resultat av omsetjelege fiskekvotar.
Dette er berre e i t t døme, det finst mange.
Folketalet er nå på veg ned i alle dei nordlegaste fylka.
Havfiskeflåten frys fisken ombord og leverar ca. 90 prosent av fisken til frysehotell, som deretter sender fisken vidare til utlandet for bearbeiding. Denne fisken gir såleis inga verdiskaping ved norske landanlegg, og fisken blir seld til høgare pris enn det kystflåten får.
Det er sjarken som bør vera flaggskipet i fiskeflåten.
Sjarken vil gi langt langt fleire arbeisplasser langs vår langstrakte kyst, og sjarken vil fanga fisk langt langt billigare og i alle måtar meir miljøvennleg enn trålaren.
I 1974 skriv «Finnmark Unge Høyre» i bladet Nordlys: «FUH ser med stor bekymring på den sterke desimering av spesielt torskebestanden, som finner sted i og utenfor våre nordlige farvann. Den fremste årsak til dette forhold er den sterke opptrappingen av fisket med aktive redskaper (trål)»
«Fisket vil også i framtida danne grunnlaget for opprettholdelsen av bosetningen i kystdistriktene. FUH mener på denne bakgrunn at regjeringen nå må fremme effektive tiltak for å verne fiskeressursene. Vi vil her foreslå at all trålvirksomhet blir nedtrappet innenfor en fremtidig 200-mils-sone.
Som et umiddelbart tiltak bør man avslå alle nye konsesjonssøknader, og kun i svært begrenset omfang gi tillatelse til fornying av gamle trålfartøyer.»
I 2008 skriv bladet Fiskaren: «En rapport fra FN-organisasjonen UNEP (United Nations Environmental Programme) beskriver bunntrålfisket som den mest destruktive fiskemetode som finnes. Trålingen karakteriseres av forskere som den største trusselen mot det biologiske mangfoldet i havet, skriver bladet Vesterålen. Rapporten anbefaler overfor FNs generalforsamling et globalt forbud mot tråling.»